Dekor og spesialløysingar
Me skapar dekor og spesialløysingar som gjer inntrykk! Enten du ønskjer å fornye eit lokale, dekorere veggar og vindauge eller har ein idé som krev noko utanom det vanlege, hjelper me deg med å finne den rette løysinga. Frå idé og design til produksjon og montering – me gjer visjonane dine til verkelegheit.
Vegg- og vindaugesdekor
Gje veggar og vindauge eit personleg preg med dekor som både skapar merksemd og styrkjer den visuelle profilen. Me leverer alt frå foliert vindaugsdekor og frostfolie til kreative veggdekorasjonar, tilpassa lokalet og dine ønskje.
Sjablongmåling
Med sjablongmåling kan me skape tydelege og varige motiv direkte på ulike overflater. Me hjelper deg med alt frå logoar og tekst til større dekorative motiv, både inne og ute. Ei fleksibel løysing som blir tilpassa underlaget og uttrykket du ønskjer.
Spesialløysingar
Har du ein idé som krev noko utanom det vanlege? Me likar utfordringar og finn kreative løysingar tilpassa dine behov. Med ulike material, teknikkar og produksjonsmetodar kan me skape unike resultat, frå små detaljar til større spesialprosjekt.
Sjå nokre av jobbane våre
Vindaugsdekor – Leikanger
Sjablongmåling – Heradshuset Aurland
Utandørs veggdekor – Barnehage Lærdal
Har du ein idé me kan hjelpe deg med?
Ingen prosjekt er heilt like! Me hjelper deg med å finne kreative og skreddarsydde løysingar, frå idé og design til ferdig resultat. Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat!