Du har produktet...

…og me har verktøy, kunnskap, erfaring, galskap, humor og eit sterkt ynskje om å bety noko for deg.
Me har det knallkjekt med kundane våre, har eit anna perspektiv, ser ting meir frå utsida og kan vera eit passande filter som gjer bodskapen frå eksperten lettare å forstå for målgruppa.

Me er nøkterne her i området…

og bygger stein på stein. Vil helst bevisa at me er gode, og la andre sjå det før me vågar å sei det.
Faktum er at me har kjempeflinke folk i vår region, best på veldig mykje, men likevel begge beina på jorda, eller skal me sei på dekk…?
… og me skaper produkt for framtida.

Å styra etter kjølvatnet,

kan vera greitt nok for å sjå om du kjører nokolunde beint…. – men det kan jo lett enda opp på ei flu du ikkje såg komma!
Med å sjå framover vil du kunna styra forbi skjær i sjøen, sakka eller setja opp farten etter behov, passa på at verksemda di har nok fribord og høveleg last.
… og nå målet for turen.

Kvar vil du?

Ver og vind kan føra deg både hit og dit…. Har du bestemt kvar du og verksemda di vil?
Me startar med kart og kompass, kikkert og tåkelur, om nødvendig! I uheldige øyeblikk hender det at ordet «strategi» glepp ut av oss, men helst vil me kalle det ein god plan for å navigera fram til målet…
… på ei dristig, men kontrollert reise.

Ka ska me me reklame? (Klart oss godt uten te no….)

Nytt reklamekronene dine der du får mest att for dei. Og legg gjerne eit godt grunnlag for marknadskommunikasjonen din.
… det er ei viktig investering!

«A man who stops advertising is like a man who stops a clock to save time.»

Dette sa Henry Ford, du veit, han med bilane….
Me fekk aldri helsa på Henry, men vil våga påstanden at han sikkert la til:
«but make every cent work for you.»